Brokkurt

 

Utbreiing i kommunen: Solid bestand i sanden på industriområdet Dommersnes i Vikebygd, kor planta truleg er spreidd via anleggsmaskiner.

Elles berre funnen ved plantesenter

Vekstmiljø: Tørr sand- og grusmark

Omtale: Både norsk og latinsk namn viser til at planta har vore brukt mot brokk, men ei såpass sjeldan plante kan neppe ha vore mykje brukt.

Planta var tidlegare plassert i Norsk raudliste

Foto frå Dommersnes, Vikebygd